Sunday, September 17, 2006

Fra exfac: språk og litteratur

Jeg falt totalt for denne teksten, så dermed må den deles.

Gunnhild Øyehaug: Hjorten i skogbrynet

Hjorten stod i skogbrynet og var ulukkeleg. Han kjende det som om det var liten vits i alt, som om han berre kunne gje opp. Her går eg, dag inn og dag ut, tenkte hjorten, også er det ingen som ser meg. Er eg usynleg, eller kva? Det trudde han ikkje. Her går eg og kunne endre menneskelagnader om nokon så meg, men så er det ingen som ser meg. Her går eg og er ein hjort, og så er det ingen som bryr seg om det. Det er meininga at eg skal vere vanskeleg å sjå, eg veit det, eg skal snike meg rundt i skogane og ikkje bli sett. Det er desse livsgrunnlaga eg no er ulukkeleg for. Eg vil bli sett. Eg har stilt meg opp i eit skogbryn. Eg er open for blikk, for skot. Dersom ikkje nokon ser meg snart, gjer eg noko drastisk, eg meiner det. Akkurat no er det som om eg er stengt inne i eit hjortemønster. Å, eg skulle gjerne ha endra på alt, blitt ein annan, noko heilt anna. Å, tenk om eg kunne ha vore eit rådyr, ein elg.